Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Breiband i Kvinnherad kommune – vidare utbygging.

Tilfredsstillande breiband er i dag eit krav både frå næringsliv og privatpersonar. 
I næringslivet er det svært viktig å ha eit godt hjelpemiddel til å kommunisera med. Dette gjeld blant anna næringar som bank, rekneskapskontor, andre avdelingar, kjøp og salg over nett. For private familiar er dette også vorte viktig for dei som har barn på skule, då mykje av opplæringa i dag går via nettet. Nyheitsinfo og netthandel er også vorte ein del av kvardagen for dei fleste. Dersom ein framleis vil ha bærekraftige utkantar i kommunen, må ein vera med å leggja til rette for at desse får eit tilfredsstillande breibandsnett.
 
Kvinnherad har i dag nokså god dekning når det gjeld moglegheit til å få breiband, men nokre område står utan eller har ei dårleg løysing.
 
Det vil også i 2017 vera mogleg å søkja om midlar til vidare utbygging, og Kvinnherad kommune vil søkja på slike midlar. Ein av forutsetningane for å søkja om statleg tilskot frå NKOM (tidl. Post og teletilsynet) er at kommunen må kunngjera kva geografiske områder ordninga skal gjelda for. Ei anna forutsetning er at det skal vera mogleg for alle interesserte partar å koma med innspel som kan vera viktige for søknaden. Fristen for innsending av søknad til NKOM frå kommunane er 03. mai 2017.
 
Kvinnherad kommune har ved fleire høve tidlegare søkt om tilskot til utbygging gjennom HØYKOM, Hordaland fylkeskommune og NKOM, og fått ein god del midlar til dette.  Siste utbygginga vi har hatt med slike midlar er deler av Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy.
 
No er det på nytt lyst ut midlar gjennom NKOM som kommunen kan søkja på. Kommunen må då laga ei prioriteringsliste for resterande område og leggja dette ut som ei høyring på heimesida.
 
Av dei områda som i dag ikkje har, eller har dårleg breibands-dekning vil Rådmannen prioritera slik:
  1. Frå Matre Ferjekai inn til Åkra (sjølve Åkra har dekning)
    I dette området har ein i dag ei løysing med trådlaust breiband som er svært ustabilt. I dette området er det fleire næringsdrivande, og dagens løysing er ikkje tilfredsstillande.
  2. Skorpo / Snilstveitøy 
    Her har ein inga utbygging av breiband, men kan nytta mobilt breiband. Det er mange fritidsbustader i dette området.
     
    Frist for å koma med merknader til dette vert 27. april 2017.
    Merknader kan sendast: Kvinnherad kommune, post@kvinnherad.kommune.no
    Kontaktperson: Egil Eide

     


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no