Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Vi inviterer:

Bransjefrukost for bygg-, eigedom- og planbransjen

Ingressbilde til bransjefrukost 1:2011
Onsdag 15. juni 2011 kl. 8 - 11 ønskjer vi velkomen til fagtreff med tema eigedomsutvikling. Staden er Rosendal Turisthotell.

I løpet av få år har vi opplevd store endringar i lover, reglar, verktøy, metodar og arbeidsformer innan arealforvaltinga.

Vi ønskjer at Kvinnherad skal vere ein god kommune å bu, feriera og arbeide i. Byggebransjen, inkludert planleggjarar og eigedomsutviklarar, har ein nøkkelposisjon når dette målet skal realiserast.

Skal Kvinnherad vera ein attraktiv kommune treng vi eit godt samarbeid mellom offentlege mynde og private aktørar innan arealplanlegging og eigedomsutvikling.

Vi inviterer difor bransjefolk til ei uformell samling der målet er å formidla korleis kommunen jobbar med arealforvalting og å vidareutvikle samarbeidet med næringa. Det vert korte innlegg om ulike tema, og vi legg stor vekt på å få ein dialog kring dette. Tema denne gongen er spesielt retta mot eigedomsutvikling. Om denne samlinga vert vellukka vil vi følgje opp med ei liknande samling til hausten spesielt retta mot byggesak.

Maten står på bordet frå kl. åtte. Klokka halv ni tek vi koppen og skjevo med og set oss for å høyra og diskutera plan-, bygg- og eigedomsnytt.

Av praktiske omsyn ber vi om påmelding. Deltakaravgifta er kr. 200,- pr. person. Samlinga vert halde på Rosendal Turisthotell.

Påmelding til karin.thauland@kvinnherad.kommune.no eller tlf. 53 48 33 53 / 909 78 556 innan 7. juni 2011. I påmeldinga tek du med namn, e-postadresse, firmanamn og fakturaadresse til den/dei du melder på.

Program for samlinga kan du lasta ned på lenka under denne artikkelen. Her er nokre smakebitar:
- Planretningsliner for strandsona
- Startpakke for reguleringsplanar
- Akseptkriterium for ROS-analysar
- Byggereserver i kommunale planar
- Næringsareal i Kvinnherad
- Kjøp og sal av kommunale eigedomar
- Sentrumsutvikling og partnarskap

Velkomen!


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no