Kontaktpersoner
Lover
Brann- og eksplosjonsvernloven
Forvaltningsloven
Forskrifter
Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
Brannvern og tilsyn | ||||||
| Oppdatert: 29-04-2010 14:02 | ||||||
| Generelt | ||||||
| Beskrivelse Den som eig eit byggverk skal sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller annan ulukke. I tillegg til eigaren har òg brukarane plikt til å sørgje for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksinnretningar i forsvarleg stand. Kommunen identifiserer og fører tilsyn med såkalla særskilte brannobjekt. Dette er byggverk der brann kan føre til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar. Det blir òg stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt. Tilsynsfrekvensen er:
Kommunen seier oftast ifrå om tilsynet på førehand, men kan òg gjennomføre tilsynet utan førehandsvarsel. Brannvesenet vurderer da alle forhold som har noko å seie for branntryggleiken, både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom ein meiner at tiltaka ikkje er tilstrekkjelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytte andre reaksjonsmiddel. | ||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende Det finst rettleiingsmateriale om korleis krava til branntrygging skal gjennomførast. Sjå lenkja under. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap | ||||||
| Eksterne lenker | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Praktiske opplysninger | ||||||
| Saksbehandling Kommunen utarbeider ein rapport etter at tilsynet er utført. Rapporten nemner kva for avvik frå krava til brannsikring som er funne, og kva slags nye sikringstiltak det er behov for. Rapporten sendast med ein gong til eigaren eller verksemda/brukaren, som skal gje ei tilbakemelding innan ein oppgjeven frist. Tilbakemeldinga skal gje svar på når og korleis avvika vil bli retta opp. | ||||||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtak om pålegg, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klageinstansen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap er klageinstans for vedtak som er gjort av kommunestyret. For alle andre vedtak som er gjort av kommunen, er kommunestyret eller klagenemnda i kommunen klageinstans. | ||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||
| Andre opplysninger | ||||||
| Dato oppdatert 2010-04-29 14:02 | ||||||
| Gyldig fra 2009-11-09 | ||||||
| Gyldig til 2010-12-31 |






Epost