Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Logo Teknisk

Branntryggleik ved større arrangement

Større arrangement i byggverk eller områder som normalt ikkje vert nytta til slike arrangement gir ein auka risiko for brann. Det vert difor stilt krav til brannsikringstiltak og om melding til brannvernet i god tid.

Kva er eit større arrangement?

- Meir enn 50 personar når det er gitt sjenkeløyve. - Meir enn 150 personar ved andre arrangement.

Varsling til brannsjefen:

Brannsjefen skal i god tid før arrangementet (minimum 3 veker) få melding. Dette for at brannvernet skal kunne verifisere dei opplysingane som vert gjevne.

Kva bør meldinga til brannsjefen innehalde?

  • Ei kort utgreiing av arrangementet: kva type arrangement, kor mange gjester/besøkande, målgruppe (alder), om det vert servert eller nytta alkohol, kor mange vakter som vert nytta.
  • Ei skriftleg utgreiing om kven som står ansvarleg for arrangementet samt eigar av byggverk/område.
  • Ein skriftleg instruks som vaktene skal kjenne til.
  • Situasjonsplan (teikning) ved oppsettjing av telt og liknande som viser avstand til omliggjande bygg, slokkevatn, rømningsvegar, slokkeutstyr etc.
  • Dersom ein brukar større telt skal det vere ei forklaring på teltet sine eigenskapar ved brann.
  • Andre høve som kan vere avgjerande for rømning og branntryggleik.
  • Søknadskjema finn du her

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no