Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Logo Teknisk

Branntryggleik på hytta

Hyttebrann

Mens bustadbrannar per år har flata ut, er hyttebrannar eit aukande problem. Difor oppfordrar brannvesenet hyttefolket til å nytta påskeferien til å sjekka branntryggleiken på hytta.

Ein rykande fersk spørjeundersøking frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Norsk brannvernforening og forsikringsselskapet Tryg, visar at kvar fjerde hyttebrukar/eigar tyr til eigeninnsats når det gjelder montering av pipe og eldstad.

Det skal ein være forsiktig med, då regelverket sett klare avgrensingar for kva man sjølv har anledning til å gjera. Når man i tillegg veit at brannårsak nr. 1 på hytta har samanheng med feil på, eller feil bruk av pipe og eldstad, er det all grunn til å rope eit varsko.
 
Bakgrunn:
  • Verdiar for 270 millionar kroner gjekk tapt i hyttebrannar sist år.
  • Feil på, og feil bruk av pipe og eldstad er den klart vanligaste brannårsaka.
  • Handverksmessig eigeninnsats er normalt større på hytter enn i ordinære bustader. Dette kan gi større fare for brann.
  • Mange hytter ligger utanfor allfarveg, noko som kan medføra lengre utrykningstid for brannvesenet til ei hytte enn til ein bustad.
  • Alle hytter skal ha minst ein fungerande røykvarslar, i tillegg til eit godkjent brannsløkkeapparat eller ein bustadbrannslange.

 

Sjekkliste for brannsikkerheit på hytta:
 
  • Sjekk røykvarslar kvar gong ein tek hytta i bruk. Test også ein gong i året med røyk.
  • Bytt batteri minimum ein gong per år.
  • Gå aldri frå levende lys.
  • Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ.
  • Sørg for å handtera oskeavfall på ein forsvarleg måte.
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
  • Vær ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar regelmessig.
  • Bruk godkjent installatør når det elektriske anlegget skal utbetrast.
  • Sørg for å utføre bygningsmessig arbeid iht. plan- og bygningsloven.

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no