Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Bål og bråtebrenning

Oppdatert: 25.01.2012 08:08
Generelt
Alternativt navn
Bål og bråtebrenning
Tema
- Natur og miljø
- Forurensing og stråling
- Avfallshandtering
- Helse
- Miljøretta helsevern
- Individ og samfunn
- Beredskap og forsvar Brann- og eksplosjonsvern
- Næring- og samfunnsutvikling
- Jord- og skogbruk
Beskrivelse

I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å tenne opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve. Du kan altså brenne hageavfall eller tenne St. Hansbål utan å innhente løyve, så sant dette ikkje skjer i eller i nærleiken av skogmark og tilhøva elles gjer det forsvarleg. Likevel bør du i slike tilfelle gje melding til brannvesenet over telefon. Det er det viktig å vere klar over at du har plikt til å vise aktsemd. Brot på aktsemdplikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Ver merksam på at brannsjefen alltid kan forby opptenning eller krevje at du sløkkjer open dersom det er openberr brannfare.

Dersom du skal utføre flatebrenning eller brenne hogstavfall i skogmark, eller utføre gras- eller lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark, er det eit krav at det skal vere ein ansvarleg leiar. Vedkommande skal utarbeide planar for brenninga og skal sjå til at brenninga gjennomførast på ein forsvarleg måte. Send melding til brannvesenet i god før brenninga gjennomførast. Brannvesenet avgjer om det ønskjer å sjå planane. Dette vil først og fremst vere aktuelt i samband med jord- og skogbruksverksemd. Det generelle forbodet mot open eld i skogmark i perioden 15. april til 15. september gjeld ikkje slik brenning.

 All brenning skjer på eige ansvar.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Serviceerklæring
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

 Du bør gje melding til brannvernet dersom du skal brenna større bål. I samband med flatebrenning osb. knytta til jordbruks- og skogbruksverksemd må det sendast melding til brannvernet i god tid før brenninga skal gjennomførast. Det skal utarbeidast planar for gjennomføringa og brannvernet avgjer om dei vil sjå planane.

Andre opplysninger
Dato oppdatert
2012-01-25 08:08
Gyldig fra
2009-04-28
Gyldig til
2010-12-31
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no