Beredskap
Kommunen har beredskap på ei rekkje område, slik at ein til ei kvar tid skal vere klare til å handtera større eller mindre hendingar som krev rask respons.
Beredskapen er til for å sikra innbyggjarane tryggleik i kvardagen. Innanfor helse finst ei rekkje beredskapsordningar. Mellom anna har ein ei legevaktsordning som skal sikra at ein får legehjelp dersom det oppstår eit akutt behov, det finst og planar for å handtera større utbrot av smittsame sjukdomar.
Brannvernet skal kunna handtera brannar, trafikk- og andre ulukker og er i tillegg første innsatstyrke ved akutt forureining.
For å sikra mest mogleg kontinuerleg drift av viktige samfunnsfunksjonar er det ulike beredskapsordningar. Til dømes har vatn og avløp eigen vaktordning.
- Brann: 110
- Politi: 112
- Ambulanse: 113
- Legevakt: 53 47 33 00
- Vakttelefon vatn og avløp: 53 47 27 90





