Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Barneverntenesta

Print
Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge i kommunen har gode levekår og høve til ei positiv utvikling. Når barna på grunn av forholda i heimen, eller av andre grunnar har behov for det, skal barneverntenesta gje råd, rettleiing eller setje inn andre former for hjelpetiltak.

Vi legg vekt på nært samarbeid med foreldre og føresette.

Målgruppe:

Tenesta vert gjeve til barn frå 0 – 18 år. Når ungdomen har hatt omsorgstiltak, kan tiltak som er sette i verk før ungdomen har fylt 18 år, halda fram eller bli erstatta av andre tiltak fram til ungdomen fyller 23 år.

 

Kriterier:

Barneverntenesta har ansvar for å vurdera om barn og unge lever i ein situasjon som tilseier at dei treng tilbod om hjelpetiltak i heimen, eller har behov om omsorgstiltak (fosterheim/institusjon).

 

Hovudmålsetjinga til barneverntenesta er å gje god nok hjelp til at barnet/barna kan halde fram å bu hjå familien og i nettverket sitt.

 

Når barnevernet får melding om barn som har bekymringsfull adferd eller som lever under tilhøve som er skadeleg, har barneverntenesta plikt til å undersøkje saka for å vurdere om det er trong for tiltak.

 

Meldingar kan kome frå barnet eller den unge sjølv, frå foreldre eller familien, frå naboar, ulike faginstansar med lovmessig meldeplikt m.fl.

 

Dei mest vanlege hjelpetiltak er:

·         Råd og rettleiing/støttesamtalar med barn og foreldre

·         Støttekontakt

·          Miljøarbeid i heimen

·         Besøksheim

·         Støtte til plass i barnehage

·         Tilsyn i heimen

·         Økonomiske støtte

·         Tilmelding til behandling, poliklinisk eller i institusjon

·         MST

·         PMTO

·         Marte Meo

·         Fosterheim

·         Barnevernsinstitusjon

 

Barneverntenesta prioriterar førebyggjande tiltak overfor barn og unge som treng det, for eksempel ved tiltak for å styrke foreldra si omsorgsevne overfor borna sine.

Dersom hjelpetiltak ikkje er tilstrekkleg, kan barneverntenesta overta omsorga for barnet og plassere det utanfor heimen. Plasseringa kan skje i godkjent fosterheim, institusjon m.v. Bufetat (Statens barnevern) har ansvar for etablering og drift av institusjonar for barn.

 

Det er først dersom andre hjelpetiltak ikkje er tilstrekkeleg at det er aktuelt å plassere barn utanfor heimen, med eller utan foreldre sitt samtykke. Dersom det er aktuelt å overta omsorga for eit barn, har barneverntenesta ansvar for å førebu ei sak, som vert lagt fram for og handsama i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker.

 

Døme på omsorgstiltak:

·         Fosterheim

·         Barne- og ungdomsheim

·         Behandlingsplassar for barn og unge med særskilde behov

 

Samarbeidspartar:

Vi samarbeidar med helsestasjon, lege, PPT, barnehagar, skular, BUP, politi, Tiltak og rådgjevingsteneste for vaksne, Bufetat og andre hjelpeinstansar.

 

Adopsjon:

Dersom du ønskjer å adoptera, skal barneverntenesta handsama saka før endeleg avgjerd blir teken at Statens barne- og familievern.

 

Teieplikt:

Alle som arbeider i barneverntenesta har teieplikt.

 

Arbeide for barnevernet?

Kan du tenkja deg å ta oppdrag som oppdragstakar (støttekontakt, miljøarbeidar, tilsynsførar, besøksheim) i barnevernet? I så tilfelle kan du ta kontakt med barneverntenesta.

 

Kontakt oss:

Barneverntenesta held til i lokaler på Husnestunet på Husnes, 2. etasje. Kontoret har felles ekspedisjon med PPT-kontoret. Inngang sokkeletasjen frå parkeringsplass.

Postadresse: Barneverntenesta, Husnestunet, Stølshaugvegen 5, 5460 Husnes

 

E-post: tiltak.tjenester.barn@kvinnherad.kommune.no

 

Telefon:  53 46 16 70

Telefaks: 53 46 16 71

 

Åpningstid:

Måndag – fredag:

Kl 08.00 – 15.30

Telefontid:

Kl. 09.00 – 15.00

 

Barnevernleiar Solveig Hus Hansen

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no