Barneverntenesta tilbyr støtte og hjelp til barn, unge og deira familiar.

Er det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis nokon du kjenner har det? 

Barneverntenesta skal bidra til trygge oppvekstvilkår for barn og unge, og den skal sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal såleis både driva førebyggjande arbeid, i tillegg til å verna om dei barna som har behov for det. Omsynet til kva som er best for barnet er avgjerande.

Hjelpetiltak kan vera foreldrerettleiing, miljøarbeid, familieråd, besøksheim og støtte til fritidsaktivitetar for barn. Barneverntenesta er oppteken av at barn og unge skal få oppleve at dei har medverknad på tiltak frå barnevernet, når deira alder og modning tilseier det.

Alle tiltak som barneverntenesta set i gang, skal vera til det beste for barnet. Tiltaka vil difor vera ulike frå situasjon til situasjon, og frå eit barn til eit anna.

Målgruppe: Barn og ungdom under 18 år. Ved samtykke frå ungdommen kan tiltak vidareførast inntil ungdomen har fylt 23 år.

Når bør du melda frå? Om du er uroa for om eit barn får god nok omsorg, bør du melda frå til barnevernet. Di bekymringsmelding kan vera viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.

Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du melder frå. Har du ei magekjensle på at barnet ikkje har det bra, bør du kontakte barnevernet. Det er barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Di oppgåve er å sørgja for at barnevernet får vita om barn og unge som har det vanskelig.

Meir informasjon om barnevern: https://www.bufdir.no/barnevern/

Kontakt
Kvinnherad barnevernteneste
Stølshaugvegen 5
5460 Husnes
Telefon: 53 46 16 90

Barnevernleiar: Randi Pedersen
E-post: randi.pedersen@kvinnherad.kommune.no

Barnevernet sin vakttelefon
Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (gratis)
Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 - 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.