Kontaktperson
Regelverk
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.
Lover
BarnehagelovenBarnevernloven § 4-4
Forskrifter
Forskrift om familiebarnehagerForskrift om foreldrebetaling i barnehager
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage
Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen
Serviceerklæring
Barnehage - serviceerklæringBarnehageplass |
| Oppdatert: 17.01.2012 13:24 |
| Generelt |
| Tema - Barn og familie - Barnehagar |
| Beskrivelse Du har rett til å få barnehageplass frå august dersom barnet ditt fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året du søkjer. Dersom barnet ditt er under eitt år, kan du få tilbod om plass dersom det er ledig kapasitet. Barnehagen skal i samarbeid og i samråd med heimen ta vare på barnet sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Det skal takast omsyn til:
|
| Målgruppe Born 0 til 6 år som bur i kommunen. |
| Kriterier/vilkår Desse blir prioriterte ved opptak:
|
| Pris for tjenesten Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldra må betale for ein barnehageplass. |
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende |
Partnere
|
| Serviceerklæring |
| Praktiske opplysninger |
|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for. |
| Vedlegg Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet. |
| Søknadsfrist Det er høve til å søkja barnehageplass gjennom heile året. Kvinnherad kommune har 15.februar som søknadsfrist før hovudopptak. |
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune ved hjelp av elektronisk søknadsskjema når du søkjer eller vil endra søknad om barnehageplass. Skjema er å finna på www.kvinnherad.kommune.no Lenke til søknadsskjema: http://213.239.120.107/Kvin/Default.asp?page=auth/common/login |
| Saksbehandling Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, skal du ha rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen. Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen. Har du ikkje fått oppfylt korkje første eller andre ønsket ditt om barnehageplass, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving. |
| Klagemulighet Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt korkje det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans. |
| Andre opplysninger |
| Dato oppdatert 2012-01-17 13:24 |
| Gyldig fra 2009-03-19 |
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost