Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

BARNEHAGEPLASS. Ny søknad - endra plass/barnehage - oppseiing

Det er mogleg å søkja barnehageplass heile året.

15.februar var søknadsfrist for hovudopptak frå august 2017. Søknader som kjem inn etter fristen, vert handsama når aktuelle barnehagar har ledig kapasitet.

Leik læring
Leik læring

 

Kvinnherad kommune har samordna opptak mellom kommunale og private barnehagar

ELEKTRONISK SØKNAD SKAL NYTTAST VED

  1. Søknad om barnehageplass
  2. Søknad om endra opphaldstid eller skifte av barnehage 
  3. Oppseiing av barnehageplass

 

RETT TIL BARNEHAGEPLASS

  • Det må vera søkt om plass innan kommunal frist for hovudopptak, dvs. 15.februar
  • Barn busett i Kvinnherad kommune har rett til barnehageplass i kommunen dersom det er søkt innan frist for hovudopptak og barnet har fylt eitt år innan utgangen av november.
  • Barn som er født i september, oktober og november: foreldre vurderer om dei ynskjer plass frå august eller frå den månaden barnet fyller eitt år
  • Retten gjeld i kommunen, ikkje i ein bestemt barnehage
  • For barn med rett til plass etter barnehagelova § 13, er det inga nedre aldersgrense for opptak.
    Dette gjeld barn med nedsett funksjonsevne eller der barnehage er vurdert som hjelpetiltak frå barnevernet

 

KOMMUNEN OPPFYLLER RETT TIL BARNEHAGEPLASS PÅ TRE MÅTAR:

  1. Barnet får plass i barnehage som er sett opp som alternativ 1
  2. Barnet får plass i barnehage som er sett opp som alternativ 2
  3. Barnet får plass i barnehage som er sett opp som alternativ 3 eller i ein annan barnehage.
    Søkjar kan klaga på vedtaket dersom han ikkje får oppfylt sitt første eller andre ynskje

 

SØKNADSFRISTAR

Det er mogleg å søkja barnehageplass heile året, men det er to fristar som det er viktig å halda.
Dersom ein søkjer barnehageplass etter at fristen er gått ut, vil ein ikkje ha rett til plass, jf. eige punkt om dette.

  • 1. februar
    Søknadsfrist for dei som alt har barnehageplass, men som ynskjer å endra opphaldstid eller barnehage
  • 15. februar
    Søknadsfrist for hovudopptaket for barnehageåret 2018/2019. Dette gjeld dei som søkjer ny barnehageplass


BARNEHAGEÅRET 2017/2018 - med oppstart august 2017 eller seinare

  1. Søknad om plass/ endring av plass frå august 2017 eller seinare
    Denne lenka skal nyttast: https://skjema.kf.no/more/wizard/wizard.jsp?wizardid=1912&ouref=1224
     
  2. Oppseiing av plass som gjeld barnehageåret 2017/2018
    Denne lenka skal nyttast: https://skjema.kf.no/more/wizard/wizard.jsp?wizardid=1912&ouref=1224

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no