
Bål- og bråtebrenning

Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog/mark frå 15. april til 15. september, jfr. Brann og eksplosjonsvernloven med forskrifter. Dersom du vil brenna bål eller bråte, må du hugse på at det er du som har ansvaret.
![]() |
| Bål |
Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog/mark frå 15. april til 15. september, jfr. Brann og eksplosjonsvernloven med forskrifter.
Reglar for bål/bråtebrenning generelt
- Det er berre tillatt å brenne reint trevirke og hageavfall, som kvist, lauv, gras, o.l. i samsvar med forskrift 2004-08-06 nr 1239 om opa brenning og brenning av avfall i småomnar i Kvinnherad Kommune.
- Brenning må ikkje skje nærare enn 8 meter fra hus eller 10 meter frå skog og lyngområde.
- Det er ikkje tillatt å brenne i sterk vind eller i tørkeperiodar.
- Det må visast omsyn til naboar.
- Det må ikkje brennast etter at det er mørkt.
- Hageslange eller andre sløkkjemidler skal vere klart til bruk ved bålet.
- Bålet skal ikkje vere større enn at det lett kan haldast under kontroll.
- Bålet skal sløkkjast forsvarleg etter at brenning er avslutta.
- All brenning foregår på eiga ansvar.
Dersom nokon ynskjer å brenna større bål eller liknande skal dette godkjennast av brannsjefen eller vakthavande brannbefal. Ta evt. kontakt med Kvinnherad kommune tlf. 53483100.





