Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Årets Frivilligprisvinnar

Arvid Nes får Frivilligprisen for sin mangeårige innsats i Rosendal Turnlag
Styret i Kvinnherad Frivilligsentral har i møte 14/09/11 valt Arvid Nes som mottakar av Kvinnherad Kommune sin Frivilligpris i 2011.
Nes vert og nominert som kommunen sin kandidat til fylkes- og landsutdelinga.

Arvid Nes får Frivilligprisen for sin mangeårige innsats i Rosendal Turnlag.
Særleg ønskjer me og peike på hans store engasjement for born og ungdom.
Hovudsakeleg har Nes bidrege inn mot fotballgruppa. Han møter trufast opp på treningane og kjenner nesten alle spelarane, noko som får dei til å føle seg velkomne og ivaretekne. Nes tek seg også av organisatoriske oppgåver rundt kampavviklingar og økonomi. Han brukar så og seia all si tid på Turnlaget sine aktivitetar.

Gjennom sitt pågangsmot og arbeidsinnsats er Arvid Nes med og stimulera til å betre trivsel og livskvalitet for medlemmane i Rosendal Turnlag, noko som har ringverknadar vidare ut i samfunnet.

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no