Kommuneplanen sin arealdel (KPA) er ein vesentleg del av kommunen sine langsiktige plangrunnlag og skal visa samanhengen mellom samfunnsutviklinga, behov for vern og utbygging og framtidig arealbruk (jamfør pbl. § 11-5). Arealdelen skal fastsetja kva dei ulike areala skal kunna nyttast til, sånn at det bli enklare å utarbeide meir detaljerte planar for enkeltområde. Då kan det òg raskt og enkelt fattast ei avgjersle i enkeltsaker i tråd med kommunale mål og nasjonal arealpolitikk. Arealdelen er eit verktøy for å sikre at arealbruken i kommunen bidreg til å nå dei måla som blir vedteken for kommunen si utvikling. Arealdelen skal òg ivareta nasjonale og regionale interesser.

Gjeldande arealdel for Kvinnherad kommune vart vedteken av kommunestyret 22.03.2018 og inneheld plankart, føresegner og planforklaring. Plankartet er digitalt og er å finne på kommunekart.com. Føresegner, planforklaring, KU og ROS, samt andre dokument knytt til kommuneplanen sin arealdel, finn ein i planregisteret til kommunen. I planregisteret finn ein òg ei oppdatert oversikt over kvotar knytta til spreidd utbygging i arealføremålet LNFS (landbruk, natur og friluftsliv med moglegheit for spreidd utbygging), samt ei oversikt for kvotar knytta til føresegnsonene der ein opnar for spreidd utbygging av naust (i arealføremålet "Bruk og vern av sjø og vassdrag", merka #_løpenr.). 

Plankart_KPA

Kommuneplanen sitt arealplankart (22.03.2018)

Arbeidet med ny arealdel er i gong, og prosessen kan ein mellom anna følgja på heimesida for ny kommuneplan, òg kalla Kvinnherad2050. Fram til og med oktober 2019 kan ein kome med innspel til ny arealdel. Det er oppretta eit innspelsskjema på Kvinnherad2050, eller så kan ein sende innspel til e-postadressa kvinnherad2050@kvinnherad.kommune.no, eller i posten til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 ROSENDAL. Spørsmål kan sendast til kvinnherad2050@kvinnherad.kommune.no.

K2050-logo-RGB_300x85.jpg