Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
09. juli kl. 13:46

Stor skogbrannfare gjer at vakthavande brannsjef i Kvinnherad innfører totalforbod mot tenning av bål og bruk av open eld med umiddelbar verknad og inntil vidare.

Les meir clear

Endeleg godkjent

Arealdel til kommuneplan for Kvinnherad 2018

KPA_16_26_Teaser_300x246

Arealdelen til kommuneplanen for Kvinnherad kommune vart endeleg godkjent av kommunestyret i møtet 22.03.2018, jamfør pbl. § 11-15.

Arealdelen til samla kommuneplan vart endeleg godkjent av kommunestyret i møtet 22.03.2018. Både Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune trakk motsegna sine innan møtet, og difor kunne kommunestyret i Kvinnherad kommune eigengodkjenna planen, jamfør pbl. 11-16.

Plankartet ligg som dynamisk kart på www.kommunekart.com. Plankartet kan òg sjåast på nettbrett og smarttelefon med app`en Kommunekart (Google Play og Apple App Store).

Plandokumenta kan elles lastast ned frå lenkjene under denne artikkelen og frå planregisteret (webplan). I postlista finn ein andre dokument som er knytt til saka som kan vera av interesse.

Dokumenta "KU og ROS" og "KU akvakultur" er uendra sidan høyringa, og ein vil mellom anna sjå at namna i KU og ROS somme stader ikkje stemmer overeins med namna i planforklaringa, føresegna og plankartet.

Føresegner: Føresegner_KPA_rev_FM_07032018.pdf

Planforkaring: Planforklaring_27023018.pdf

Plankart som SOSI-fil: 20140002_Endeleg_godkjent_22032018.sos

Konsekvensutgreiing/ROS: KU_ROS_27022018.pdf

Konsekvensutgreiing Akvakultur: KU Akvakultur.pdf

Endringslogg SOSI-fil: SOSI_Endringslogg_22032018.pdf