Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Arbeid med vasskum i Omvikdalen

Måndag 9. april skal det setjast ned ny vasskum ved Omvikdalen skule. I samband med dette vert vatnet stengt eller med redusert trykk frå kl 10:00 til ca kl 20:00. Vatnet vert satt på igjen så snart arbeidet er ferdig. Ved spørsmål ring vår vakt telefon 903 61 111.

I tillegg stenger me Hjelmelandsvegen for gjennomkjøring ved avkjøringa til Fetvegen (ved skulen), måndag og tysdag. Innbyggjarane er varsla via SMS om vass- og vegstenging, men det hender av og til at det er personar som ikkje har motteke varsel.

Området me stenger er skravert i dette kartet:

kart.png


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no