Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
15. februar kl. 09:43

Postlista er nede i helga!

Les meir clear

Aktiv i arbeid

Aktiv i arbeid er eit samleomgrep om ulike arbeids- og aktivitetstilbod til unge vaksne som står utanfor arbeidslivet. Kommunen skal kunne tilby lågterskel aktivitetstiltak for personar som vil ha arbeid som eit langsiktig og usikkert mål, og arbeidsretta aktivitetar for personar som har arbeidsevne, men som har behov for å vedlikehalde sin kompetanse i påvente av eit eigna arbeidstilbod. Mellom desse ytterpunkta vil det vere behov for ulike grader av tilrettelagte kompetansehevande aktivitetstilbod. Lågterskel aktivitetstiltak vil kunne vere eit organisert dagtilbod som gjev struktur i kvardagen, sosial kontakt, hjelp til å avklare den enkelte sine opplæringsbehov og opplæring i ferdigheiter som er naudsynte eller føremålstenlege for å kunne få eit arbeid eller for å kunne fungere i eit arbeidsmiljø. Det er NAV som gjer vedtak for den enkelte ut frå ei individuell vurdering.