Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Aktiv Fritid

Aktiv Fritid er eit tilbod til personar over 18 år, som av ulike grunnar treng hjelp til for å oppleve ei meiningsfull fritid og samvær med andre.

Tenesta er organisert som:

  • Individuell støttekontakt/treningskontakt.
  • Deltaking i aktivitetsgruppe.
  • Individuelt tilbod i samarbeid med frivillig organisasjon.

Aktivitetsgrupper:

  • Ung meistring
  • Friluftslivgruppe dagtid(torsdag).
  • Friluftslivgruppe ettermiddag(mandag).
  • Kvinnegruppe Erslandsgarden.
  • Fritidklubb for psykisk utviklingshemma.
  • Handballag for psykisk utviklingshemma.

Søknad

Den som ynskjer Aktiv Fritid må søkje til Tildelingskontoret, der det blir fatta vedtak etter "Lov om kommunale helse-og omsorgstenester".

Søknadskjema finn ein på heimesida til Kvinnherad Kommune under skjema. Skjemaet heiter "Søknad om Helse- og omsorgstenester" og skal sendast til Tildelingskontoret, Rosendalsvegen 10,5470 Rosendal.

Vedtak om Aktiv Fritid vert gjort ut frå ei individuell vurdering, med utgangspunkt i den enkelte sine ynskjer og behov.

For meir informasjon ta kontakt med:

Linn Stene Hellås, Fagkoordinator avd. Fritid. linn.stene.hellaas@kvinnherad.kommune.no. Tlf: 91604169

Ingvild Marie Hilde, Fagansvarleg Aktiv Fritid. ingvild.marie.hilde@kvinnherad.kommune.no Tlf 95301132

Monica Svellingen-Hammer, Sakshandsamar Aktiv Fritid. monica.svellingen-hammer@kvinnherad.kommune.no Tlf: 97412796


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no