Gullgruve på rot - fagdag for skogeigarar og gardbrukarar på Nes ved Mundheim

1. og 2. november kl 10-16
Kvinnherad kommune i samarbeid med Ytre Hardanger Skogeigarlag og Søre Kvinnherad Skogeigarlag arrangerer to fagdagar 1. og 2. november kl 10-16 for skogeigarar og gardbrukarar.
Vi fokuserer på det som kan gjere plantefeltet ditt til ei økonomisk «gullgruve». Fagdagane har både ein teoretisk del og ein praktisk del ute i skogen. Det blir servert kaffi og enkel lunsj. Kurset er gratis.

Fredag 1. November – Søre Kvinnherad område.

Kl 10 -13 i festsalen på kulturhuset på Husnes – teoretisk del og lunsj

Kl 13- 16 ute i skogen på Halsnøy og Sunde

Laurdag 2. November – Ytre Hardanger område.

Kl 10 – 13 på Nestunet – teoretisk del og lunsj

Kl 13 -16 ute i skogen på Nes


Tema:
◾Kva er plantefelta sin hogstverdi? Vi ser nærare på den store verdiauken dei siste åra før skog er hogstmoden.
◾Kva er rett tid til å hogge plantefelta?
◾Kvifor plante etter hogst?
◾Korleis rett bruk av skogfondet aukar eigaren si netto hogstinntekt og reduserer kostnaden med investeringa.
◾Så billig kan ein skogsveg bli!
◾Kvifor er ungskogpleie av dei mest lønsame tiltaka i skogen?
◾Korleis bør ungskogen stellast for å få verdiauke i framtidsskogen?
◾Så mykje betyr din skog for klimaet på jorda.

Sjå også introduksjonsvideo om fagdagen her: https://youtu.be/I71MvKdaf2s

NB!

Avgrensa antall deltakarar. Derfor er det bindande påmelding innan 30. oktober til :

peregil.juel@gmail.com før å vere med 1. november.

yhskog@outlook.com før å vere med 2. november.

Deltakarar må kle seg for og væra ute så sjekk værmeldinga i forkant!


Hugs: - Varme kle, Gode sko og evt. noko for å skrive notater

Velkommen!

: Nestunet, Mundheim
Tid: lrdag 2. november 10:00
Annet
https://www.kvinnherad.kommune.no/gullgruv...