Kurs i nålebinding

Nålebinding er ein eldgamal masketeknikk, kjent frå ulike delar av verda gjennom fleire årtusen. Her i Norden vart nålebinding brukt til å lage småplagg som sokkar, vottar og luer frå middelalderen og fram til 17-1800-talet. Da slo strikking gjennom, og nålebinding gjekk nesten heilt ut av bruk. I dag er nålebinding på full fart inn igjen.

Espen Kutschera er museumspedagog ved Bymuseet i Bergen. Han er ein av landets fremste nålebindarar, og har lært bort teknikken til hundrevis opp gjennom åra.

Bindande påmelding. Ring 53 48 27 70 eller send ein e-post til: bibliotek@kvinnherad.kommune.no

Arrangør: Kvinnherad bibliotek
: Kvinnherad bibliotek
Tid: lrdag 2. november 14:00
http://www.kvinnheradbibliotek.no