"Frihetens kjøtere"

Foredrag om norsk kolonihistorie ved forfattar Fartein Horgar. Fartein Horgar arbeider med ein 5-bandsserie om norsk kolonihistorie i Dansk Vestindia. I 2016 kom "Paradisets elendige" med handling frå pionertida på St. Thomas seint på 1600-talet. Dette var temaet hans da han besøkte oss våren 2017 og heldt eit interessant foredrag . Band 2, "I slaktemåneden" (2017) tar for seg slaveopprøret på St. Jan 1733-34, og no på hausten kjem band 3, "Frihetens kjøtere". Her er handlinga lagt til St. Croix 1759-1793, den såkalla gullalderen. Plantasjeeigarane var søkkrike, men levde i stadig angst for opprør. Det er dette som er bakgrunnen for Horgar sitt foredrag hos oss denne gongen. 

Billett kr 50,-. 

Arrangør: KVINNHERAD BIBLIOTEK
: Kvinnherad bibliotek
Tid: torsdag 29. november 19:00
http://www.kvinnheradbibliotek.no