"Gamal vin møter ny" Totland og Lothe

Vel møtt til det 3. forfattarmøtet i biblioteket sitt prosjekt "Gamal vin møter ny"
Ingvild Lothe er fødd i 1990, og vaks opp på Stord. Ho har gått på Forfatterstudiet i Bø, og har tidlegare gitt ut heftet «Litt lyst til å pule, litt lyst til å dø» på chapbook-forlaget AVF Press. "Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt" kom i 2016 på Kolon forlag og er hennar første bok. I haust er ho aktuell med romanen «Havfruehjerte», som vert gitt ut i oktober.
Anders Totland er nok godt kjend for dei fleste i Kvinnherad. Han er ein allsidig forfattar, som skriv i fleire genrer, både billedbøker og ungdomsbøker, og no i haust kjem den første fagboka for ungdom, «Den norske slavehandelenen"
Vi har tru på at det vert eit spennande forfattarmøte mellom desse to unge forfattarene.
Arrangmentet er støtta av Fritt Ord.
Gratis.

Arrangør: KVINNHERAD BIBLIOTEK
: Kvinnherad bibliotek
Tid: mandag 17. september 18:00
http://www.kvinnheradbibliotek.no/events/g...