Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Reglement for Administrasjonsutvalet.

1.  Oppretting av administrasjonsutval.


Administrasjonsutvalet er eit partsamansett utval oppretta med heimel i kommunelova § 25, jf
Hovudavtalen del B § 4.


2. Val og samansetjing.

Medlemene i formannskapet, 9 medlemer, utgjer kommunen (arbeidsgjevarsida) sine
representantar. Arbeidstakarsida har 4 representantar.
Ordførar og varaordførar er leiar og nestleiar i utvalet. Elles gjeld kommunelova §§ 10 og 16.


3.  Administrasjonsutvalet sine oppgåver og mynde.


Utvalet skal handsama saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei
tilsette. Under føresetnad av at myndet ikkje er delegert til andre politiske organ eller til rådmannen, skal
administrasjonsutvalet handsama og gjera vedtak eller gje innstilling til kommunestyret i saker
som gjeld:


§ Overordna prinsipp og retningsliner for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk
§ Reglement og retningsliner for dei ulike delområda i arbeidsgjevarpolitikken
§ Tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette
§ Ta initiativ og få utgreidd viktige politiske saker innanfor arbeidsområdet.


Administrasjonsutvalet er delegert mynde til å ta avgjerd i saker som er nemnde ovanfor,
avgrensa mot lov, kommunestyret sine oppgåver og kommunestyrevedtak som avgrensar
fullmaktene.


4.  Mindretalsanke.


I saker der administrasjonsutvalet har fått delegert avgjerdsmakt frå kommunestyret, kan 3
medlemer eller ordføraren krevja at saka vert lagt fram for kommunestyret.


5. Møte.

Utvalet sine møte vert haldne for opne dører, og skal lysast, med mindre omsynet til personvern
eller andre tungtvegande grunner tilseier at møtet skal vera lukka.


Utvalet er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades.
Rådmannen har møte- tale og forslagsrett i utvalet sine møter. Rådmannen kan la seg
representera av andre tilsette.
Det skal førast protokoll frå utvalet sine møter.


6. Sekretariat.


Rådmannen syter for sekretariat funksjon for utvalet, og har ansvar for at dei saker som vert lagt
fram for utvalet, er forsvarleg førebudde og utgreidde, i samsvar med dei reglane som gjeld, jf
Kommunelova § 23.


Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no