Å vera open om demenssjukdomane
Om lag 70 000 personar i Noreg har ein demenssjukdom. Vi reknar med at 10 000 personar får sjukdomen kvart år. Undersøkingar visar at ca. halvparten er utgreidd og diagnostisert.
Auka levealder
Ei fylgje av auka levealder og endra alderssamansetjing i befolkninga, gjer at talet på personar som utviklar demens bli dobla innan 2040 dersom ikkje forsking finn løysingar på Alzheimer-gåta.
Så mange som 17 prosent av dei mellom 80-84 og 40 prosent av dei over 90 år får demens.
Dette tyder at svært mange ikkje har fått informasjon om sjukdomen og fått rettleiing om høve til å søkja hjelp. Tidleg diagnose gjer det lettare å tilretteleggja livet best mulig med ein demenssjukdom.
I februar starta Helsedirektoratet ein demenskampanje. Målet er å skapa meir kunnskap og kunna vera open om demens slik at fleire oppsøkjer fastlege tidleg i sjukdomsutviklinga. På den måten kan det bli enklare å leva med sjukdomen, både for dei som er sjuke og for deira pårørande.
Demensteam
Informasjonskampanjen er ei vidareføring av arbeidet med Demensplan 2015 der målet er å auka kapasiteten og betra kvaliteten i tenestetilboda for personar med demens.
For meir informasjon: www.helsedirektoratet.no helse og omsorg eller
www.nasjonalforeningen.no
Demenslinjen tlf. 815 33032
I Kvinnherad har vi organisert oss med demensteam. Det er to sjukepleiarar som i samarbeid med fastlegen utfører utgreiing saman med den eldre og pårørande.
Demenskontakt i Kvinnherad kommune er Aslaug Hellesøy, tlf. 41 45 60 92.
Planlegging av helse- og omsorgstenestene må ta utgangspunkt i at demens er ei viktig årsak til at trongen for omsorgstenester vil auke og bli ei stor utfordring i dei konande åra.
Helsedirektoratet har oppretta ei eiga nettside, www.helsedirektoratet.no/demens, der pårørande, dei som sjølv er sjuke og andre interesserte kan få informasjon om demenssjukdomane, tenestetilbod og korleis ein kan leve med demens.
Gå tidleg til lege
Demens er eit tema det kan vera vanskeleg å snakka om. Det fører til at mange personar med symptom på demens oppsøkjer fastlege for seint i sjukdomsutviklinga. Det finst ingen behandling som kan helbrede demens, men medikament kan i nokon tilfelle dempa symptoma og utsetja sjukdomen. Det er likevel viktig å oppsøkja fastlegen dersom ein lurer på om, ein sjølv eller ein av sine næraste har demens. Ein demensdiagnose vil ofte vera utslagsgjevande for å få tilgang til hjelp om omsorgstenester i kommunen.





