Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Kva skjer i Kvinnherad?

Desember 2017
MaTiOnToFr
48
        123
49
45678910
50
11121314151617
51
18192021222324
52
25262728293031

Nyhende og aktuelt

Møte i Forvaltningskomiteen - 06.12.2017

Vassmålar

Vassmålar avlesing via SMS

Kvinnherad kommune vil i år gå over til å sende varsel om vassmålaravlesing på SMS. Varselet vil bli sendt via SMS til abonnenten sitt mobilnummer i dei tilfella vi har registert kunden sitt nummer eller ved at kunden er registert i offentlege register.

Abonnentar vil kunna registera avlesing enten på www.leseav.no eller ved å svare på SMS`en.

Abonnentar som ikkje har mobiltelefon vil framleis få målarkort i posten som tidlegare.

Oktober - april er tida for å måle radon

Radonmåling

Miljøretta helsevern oppfordrar alle til å foreta radonmåling i bustaden sin. Dersom du leiger ut bueining til andre er du som utleigar pliktig til å måla radon. Følg denne lenkja for bestilling av radonbrikker http://radonlab.com/kvinnherad eller ta kontakt med Radonlab på tlf: 21 96 03 50 (oppgje rabattkode "Kvinnherad")

Invitasjon til open Tilbodskonkurranse etter LOA og FOA Del 1

Kvinnherad kommune har gleda av å invitera aktuelle tilbydarar til å levera pristilbod på arbeid montering av vindauge på Omvikdalen skule.

Møtereferat tilbodssynfaring vindauge Omvikdalen skule.pdf

Humørbonde -ulike roller

Inspirasjonssamling med Humørbonden Geir Styve 30. november

Glade Bønder i Nordhordland i lag med Landbrukskontoret i Kvinnherad, Landbruksrådgivinga og Kvinnherad Næringsservice inviterer til ein inspirasjonssamling på Snikkeriet i Rosendal TORSDAG 30.NOVEMBER KL 18.30.

KIB

Kurs i meistring av belastningar

Kurs i meistring av belastningar (KiB) startar opp på Husnes den 29.01.18. Målgruppa er vaksne som har ei form for belastning som gjer at dei ynskjer/vil ha nytte av betre evne til å meistre stor belastning mellom anna knytt til sjukemelding, attføring, arbeidssituasjon eller privatliv.

Open informasjonskveld om psykisk helse

Utanfor

Tysdag 28. november kl 17.00 er årets siste opne informasjonskveld om psykisk helse på Kvinnherad bibliotek. Tema denne gongen er utanforskap og vi får som vanleg høyre både erfaringsinnlegg og fagleg bidrag.

Møte i Kontrollutvalet - 17.11.2017

Møtestad Formannskapssalen kl. 10.00

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no